Tysdag kveld var det mange som lurte på kva som foregikk ved Øyabrua? Er det alt klart for bygging av ny bru, eller kva er det som skjer? Vi tok ein runde og trefte ein hyggeleg kar som representerte NGI – Norges Geotekniske Institutt. NGI har fått i oppdrag å gjere grunnundersøkingar for å forsikre om at den nye Øyabrua blir bygd på trygg grunn.
Håvard Saur frå NGI fortalte at han skulle foreta grunnboring på begge sider av brua og midt ute i elva. Her skal det bores ned til ca 15 meter for å sjekke ut at grunnforholda tåler ei ny tung bru som tåler all slags trafikk. Dersom er forsto Håvard saur rett så er det også NGI som skal prosjektere den nye Øyabrua. Det tyder iallfall på at dei startar i rette enden når dei sjekkar ut grunnforholda aller først.