Heilt sia Øyabrua vart midlertidig stengt den 13. november, har det store spørsmålet i Todalen vore – kva skjer vidare med brua? Det kom kanskje litt stoms på kommunen også at Øyabrua var i så dårleg forfatning at ho måtte stengjast for motorkøyretøy. Rett nok har akseltrykket for brua vore sett ned i fleire år, men no er det altså kun gåande og syklande som får trafikkere brua. Kommunen vil sørge for brøyting av brua og tilførselsveg til slik bruk.
Situasjonen for Øyabrua stod på agendaen da hovud utval for teknikk, miljø og næring hadde møte den 20.12.2017, og i referatet derifrå står både saksopplysninger, rådmannens tilråding og behandlinga i utvalet:
Saksopplysningar
Surnadal kommune har leigd inn konsuletfirmaet Safecontrol, som utfører årlig enkeltinspeksjonar og hovedinspeksjon kvart 5. år på de kommunale bruene vi har. I november i år vart det gjennomført ein hovedinspeksjon på Øyabrua, og her er utdrag av rapporten som Safecontrol har utarbeidet.
Brua er i svært dårlig forfatning, og det ble i møte med kommunen vurdert å nedklassifisere til gangbru med fysisk sperre for kjøretøy. – Det er flere elementer som har behov for vedlikehold og utbedringer. Landkar akse 5-6 har kraftig forvitring og brudd i vinge og bakvegg. Betydelig korrosjon på hovedbjelker med noe tverrsnittreduksjon ved lageravsatser, dette vil få betydning for bæreevne dersom tiltak uteblir. Rengjøring av lageravsatser akse 1-1 og 5-5, samt fjerning av begroing i fylling og i landkar savnes. Lageropplegg akse 5-5 er ikke tilfredsstillende. Føringskant i slitelag har brudd, og bør utbedres. Fugeplate mangler i akse 1-1 og 5-5. Det anbefales spesialinspeksjon for å fremsette en rehabiliteringsplan for brua.
Rådmannen si tilråding
• I medhald av vegtrafikklova §7 andre ledd, bli Øyabrua midlertidig stengt for køyretøy, i påvente av ei endeleg avklaring av kva som skal gjerast.
• Det blir bestilt spesialinspeksjon for å avklare skadeomfang, forslag til tiltak og kostnader for dette.
• Brua vil fortsatt vere open for fotgjengarar / syklistar – og kommunen vil sørge for brøyting av brua til slik bruk.
Behandling i Hovedutval for teknikk, miljø og næring – 20.12.2017
Votering:
Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteken.
Hovudutval for teknikk, miljø og næring sitt vedtak:
• I medhald av vegtrafikklova §7 andre ledd, bli Øyabrua midlertidig stengt for køyretøy, i påvente av ei endeleg avklaring av kva som skal gjerast.
• Det blir bestilt spesialinspeksjon for å avklare skadeomfang, forslag til tiltak og kostnader for dette.
• Brua vil fortsatt vere open for fotgjengarar / syklistar – og kommunen vil sørge for brøyting av brua til slik bruk.