Fredag ettermiddag kom alle skilta på plass, og da er det klart for å opne for å trafikkere brua med personbilar. Det vil seie at betingelsen for å kunne kjøre er at bilen er under 210 cm brei og har totalvekt som ikkje overstig 2000 kg. Dette står på skilta i klartekst, og du blir oppfordra til å respektere dette.
Bru har vore stengt for all motorferdsel sia november 2017, da ein kontroll viste at brua var i for dårleg stand til at den kunne trafikkerast med tyngre kjørety. No er altså opna for trafikk på bestemte vilkår, i påvente av planlegging og bygging av ny bru. Tillatt hastigheit etter Pilskarvegen og forbi skulen er 30 km/t.