- Det er framleis krav om smittevernfagleg forsvarleg drift.
- Det betyr i praksis at skular og barnehagar går til grønt nivå.
Høgare utdanningsinstitusjonar
- Det er framleis krav om smittevernfagleg forsvarleg drift.
- Mest mogleg fysisk undervisning
- Unntak frå 1-meterensregelen
Organisert idrett og fritidsaktivitetar
- All organisert idrett og fritidsaktivitetar kan gjennomførast som normalt.
Arbeidsliv
- Regjeringa anbefaler at folk held 1 meter avstand til kvarandre
- Arbeidsgjevarar vurderer sjølv rett bruk av heimekontor med vekt på risiko og sårbarheit ved samtidig høgt sjukefråvær ved den enkelte arbeidsplass
- Arbeidsgjevarar bør ta omsyn til om det er mogleg å halde 1 meter avstand på arbeidsplassen.
Serveringsstader
- Det er ikkje lenger skjenkestopp for serveringsstader
- Det er heller ikkje krav om bordservering
- Serveringsstader skal legge til rette for at alle kan halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmar og tilsvarande nære.
- Serveringsstader skal ikkje gjennomføre aktivitetar som naturleg inneber mindre avstand mellom gjestane enn 1 meter, til dømes dansing.
Arrangement og samankomstar
- Det er ingen avgrensingar på kor mange gjestar du kan ha heime, eller tal på deltakarar på private eller offentlege samankomstar.
- Det er framleis krav om smittvernfagleg forsvarleg drift (sjå under)
- 1-metersregelen gjeld ikkje for personar som sit på faste tilviste plassar
- Dette betyr at det er mogleg å fylle alle plassane i ein sal når alle sit på ein tilvist plass.
Testing, smitte og isolasjon
- Isoleringstida for den som er smitta er no fire døgn.
- Den som er smitta, kan avslutte isoleringa etter fire døgn, dersom ein har vore feberfri i minst 24 timar.
- Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære ein som er smitta har ikkje lengre plikt til å vere i smittekarantene.
- Regjeringa anbefaler at den som bur saman med eller er tilsvarande nær ein som er smitta, tek ein sjølvtest kvar dag i fem dagar etter siste nærkontakt med den som er smitta.
- Dersom det ikkje let seg gjere å halde avstand til den som er smitta, anbefaler regjeringa at ein testar seg kvar dag i isoleringsperioden og i tillegg fem dagar etter dette – til saman i ni dagar.
- Utover dette er det berre dei som har symptom som bør teste seg.
- Regjeringa anbefaler at husstandsmedlemmar og tilsvarande nære til ein som er smitta brukar munnbind innandørs på offentlege stader. Ein bør unngå store samankomster og arrangement i 10 døgn etter siste nærkontakt.
- I tillegg bør ein følge med på symptom under heile testperioden. Dersom ein får symptom, bør ein halde seg heime og ta ein sjølvtest.
- Barn i grunnskulealder eller yngre treng berre test ved symptom. Det gjeld også når det er smitte i husstanden.
Smittesporing
- Dersom ein er smitta, bør ein sjølv informere nærkontaktane sine. Kommunen kan hjelpe til med dette ved behov.
- Ein bør registrere positiv sjølvtest på «Registrering av positiv hurtigtest»
- Regjeringa anbefaler at ein også registrerer positiv test i appen «Smittestopp»
Avstand og sosial kontakt
- Anbefalinga om 1 meter avstand til andre enn hustandsmedlemmar gjeld framleis.
- Anbefalinga om 1 meter avstand gjeld ikkje for barn i barnehage og på barneskule
- Anbefalinga om avstand gjeld ikkje for vaksne som arbeider med barn, unge og sårbare grupper.
- Regjeringa anbefaler framleis å bruke munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand til andre.
Munnbind
- Det er påbode å bruke munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand til andre i butikkar, på kjøpesenter, på serveringsstadar, på kollektivtransport, i taxi og på innandørs stasjonsområde.
- Det er ikkje krav til munnbind medan ein sit ved eit bord på serveringsstad eller på arrangement medan ein sit på ein fast tilvist plass.
Smittevernfagleg forsvarleg drift
- Smittevernfagleg forsvarleg drift betyr at verksemda skal sørge for at det er mogleg å halde minst 1 meter avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære.
- Verksemda må ha rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.
- Desse verksemdene skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope:
Bibliotek, museum, bingohallar, bowlinghallar, svømmehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, kortvarige marknader, underhaldningsparkar, leikeland, spelehallar og liknande.