Revygjengen i Todalen I.L. er godt i gang med øvingane på scenekanten i Ungdomshuset. Arbeidet med skriving av tekstar er gjort unna, og no pågår øvinga for fullt, og torsdag kveld var det 3. øvingskveld så langt. Det var god stemning i leiren, og det såg ikkje ut til at revygjengen var under tidspress for å kome i mål. – Vi har klart å få til mykje godt og aktuelt stoff, og er eigentleg ferdige med skrivearbeidet, men ting kan skje enno så vi er førebudd på oppgraderingar, seier Astrid Longva Kvendset som er revysjef.

Nils Ove Bruset er veteran, og seier han er nærast å rekne som sjuande far i huset i revysamanheng. Foto: Jon Olav Ørsal
Ho fortel at dei jobbar veldig bra i lag og har mykje moro saman. Artig er det også at vi er både nytt og gammelt mannskap, og Nils som har vore med i «alle år» sier at han føler seg mesta som ein sjuande far i huset i lag med alle ungdommane. Under revyen 3. juledag vil vi få gjenhør med både kjente mannskap og kjente karakterar – men mykje av stoffet er også heilt nytt og spanande.
Astrid fortel at billettsalet er godt i gang, der billettane er lagt ut på Matkroken Todalen, og ho nemner spesielt at billetter til revyen må være eit godt julegåvetips for den som «har alt»?