Klassikaren «I denne søte juletid» inneheld det meste av kyrkja sin julebodskap. No er Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor i full gang med årets musikal-versjon av Arne Dagsviks kantate.
Framføringa – med solistar, kor og kammerorkester – skjer i kora sine heimekyrkjer søndag 20. desember. Same helga spelar dei musikken inn på CD.
Attåt musikkspelet byr konsertane på kjende og kjære juletonar. Arrangørane kjem tilbake med fleire detaljar om det stort anlagte prosjektet når tida nærmar seg.
Kyrkjerommet blir arena for levandegjering av juleevangeliet i Todalen og Åsskard. Her frå ei tidlegare framføring. (Foto: Einy Elgsæther)