Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Over hundre påmeldt da fristen gikk ut

Jon Olav Ørsal Fredag 16. august 2024

Det blir full fart i løypa når startskotet for Kårvatn Skyrace 2024 går i morgon tidleg.   Total er det 109 påmeldte – av disse er det 45 som skal løpe 29 km, 26 som løper 15 km og resten er trimmarar og deltakarar i barne- og ungdomsløypa.

Påmelding ved start for barneløypa til Nauståfossen.
Den nye løypealternativet som går ein rundtur til Nauståfossen er ope for påmelding fram til start kl 10:45.  Denne løypa er 2,5 km og har start og målgang på Kårvatn, og går etter turistlinja innover Myrvangvegen til Nauståfossen og vidare etter skogsstien gjennom hyttefeltet tilbake til Kårvatn. Denne løypa blir nok ekstra spennande da du kan finne «ting og tang» langs løypa gjennom skogen.

Det blir ein spennande tur til Nauståfossen – her kan du treffe mange rare folk og dyr! Foto TFS

Elles er det mange fine plassar langs løypa – løparane setter nok pris på litt heiagjeng langs løypa – det gir liksom nye krefter  å få slik stimuli for å friske opp batteriet. 

Vil du følgje med kva som skjer ute i løypa frå basen på Kårvatn, so blir det sal av forfriskingar i kiosken, og sjølvsagt blir det bakels og graut til kaffen medan du ventar.   

Publisert: 16. august 2024, 17:29