Godt oppmøte pregar årets stavgangsesong – torsdag var det over 40 som deltok da Pensjonistlagets stavganggruppe treftes på Årnes. På Årnes var det som vanleg ein trimtur i nærmiljøet, der den enkelte sjølv kunne bestemme mål og retning, og kanskje berre nyte finvêret.
Etter stavgangstrimmen vart det ein lang og god kaffepause på Kalkstranda, før den enkelte returnerte heimatt – kvar åt seg. Neste tur går til Todalen og Brusetmarka, med oppmøte ved Gammelfabrikken. Her er det mange alternativ for trimturar og etterpå blir det sjølvsagt kafferast i parkanlegget ved Gammelfabrikken.
Bilder frå stavgangturen på Årnes og frå kafferasten på Kalkstranda. Alle foto: Sigrun Ørsal