Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Over 100 000 skal ut!

Over 100 000 skal ut!

Elinor Bolme Fredag 30. september 2011

Godt mot, Todalen er no inne i sin aller siste periode, og i den anledning ønsker styret å oppfordre alle som har eit prosjekt på gang eller har lyst til å sette i gang noko om å sende inn ein søknad om midlar. Søknadsfristen er sett til 1. oktober, og rundt 100 000 kroner er klare til å delast ut.

Midlane går ikkje til fysiske ting som til dømes hammar og spikar, men for eksempel konsulenthjelp ved nyoppstarting av bedrift, veiledning i byggefase eller kurs og møtevirksomheit. Så her kan det kun vera fantasien som set grensene for dei som kunne tenkt seg å gjere noko for bygda og bli-lysta i Todalen.

Frå leiar Ragna Kvendset har vi fått ein epost som fortel litt om det Godt mot, Todalen har stått for i perioden etter at prosjektet kom i gang. Ho skriv:

«Det treårige bygdemobiliseringsprosjektet “Godt mot, Todalen” skal i haust avsluttast. 

Målet for prosjektet har vore å gjera bygda vår attraktiv å bu og å gjera kvarandre gode!

Bondelaget i Todalen søkte om støtte og fekk maksimal støtte på kr 300 000,- frå Fylkesmannen si landbruksavdeling. Styringsgruppa vart sett saman av styre i Bondelaget og deler av styret av Plan- og tiltaksnemnda. “Godt mot, Todalen” inviterte alle i bygda til å melda seg på ei lystliste. Slik fekk alle høve til å vera med og engasjera seg i utfordringar bygda har.

 Det vart oppretta 7 ulike grupper:

1.       Tomter/bustader

 

 2.      Trivsel/samhald/møteplassar

3.      Synleggjering og identitet

 

 4.      Kurs, kunnskap og kompetanseheving


             
5.      Heildagsskule Todalen

                 

6.       Studietur…

Optimistkonferanse oppi Rindala

7.       Anna/forslag

 

Todalen.no er eit godt eksempel på eit prosjekt, som har vorte realisert gjennom synleggjering og identitetsgruppa.

 “Godt mot, Todalen” har midlar igjen og oppmodar dei ulike lystgruppene, samt lag og foreiningar til å søkja om resterande planleggingsmidlar. Vi oppmodar spesielt ungdom til å søkje. Søknadsfrist 1.oktober 2011.

Søknad om planleggingsmidlar rettast til “Godt mot, Todalen” v/Ragna Kvendset, 6645 Todalen, mobil 48 000 144

Publisert: 30. september 2011, 07:30