Tysdag kveld var jaktsimulatoren i «eldlinja» igjen i Ungdomshuset. Den var bruka i eit programinnslag på Hjortfesta, og medan den enno var i bygda vart det arrangert open kveld med jaktskyting for alle som hadde lyst. Simulatoren var basert på laserteknologi i kombinasjon med film, og fungerte egentleg som eit dataspel. Utstyret var lånt av Jeger og Fisk, og vart drifta av ei datamskin.

Det var både storviltjegrar og andre som var innom i løpet av kvelden for å teste skyteegenskapane og vi vart egentleg imponert over treffsikkerheita som vart vist. Dette er utvilsamt god trening framføre jakta, og kanskje det hadde vore ein ide å lage nokre skytekveldar før jakta starta om hausten. Her kan ein simulere både storviltjakt og rypejakt og sågar trene på leirdueskyting.