Det er viktig å halde kompetansen vedlike og repetere førstehjelpskunnskapen med jamne mellomrom, seier utrykningsleiar Håvard Halset i Todalen brannlag. I kveld var heile gjengen, det vil seie alle 6 som tilhører det lokale brannvernet for Todalen, samla på brannstasjonen og kveldens tema var førstehjelp.
Dei arbeider heile tida for å dyktiggjera seg for situasjonar som kan møte dei når alarmen går og dei blir kalla ut. Mannskapet i det lokale brannvernet er ofte på plass med hjartestartaren 5 minutt etter at alarmen er gått. Da er det viktig å ha øvd på slike situasjonar som dei veit kan oppstå, slik at dei kan yte best mulig førstehjelp til ambulansen kjem. Det tar minst 20-30 minutt før ambulansen er på plass frå Surnadal.
På kveldens samling vart også den «nye» brannpumpa gjennomgått og prøvd ut og plassert inn i beredskapen på utstyrstilhengaren som høyrer til utstyrsvogna som brannvernet har til disposisjon på brannstasjonen på Kvennset. Den er tidlegare bruka ved brannstasjonen i Surnadal, der den er erstatta av anna utstyr.
Bra at vi har ein engasjert gjeng som tek brannvernet på alvor og heile tida jobbar for å dyktiggjera seg.