Rindalingen Jo Sverre Sande, eller Jo Sverre som er artistnamnet hans, samla bra med publikum til konserten sin i Todalen kyrkje i kveld. Sammen med gitaristen Bendik Brevik fikk vi ei flott musikalsk forestilling som begeistra tilhørarane som belønna artistane med rikeleg med applaus. Jo Sverre var deltakar på låtskrivarseminaret i sommar, og ein av melodiane «Ostoppele» kom til verda under opphaldet på Todalshytta.
Mykje av musikken og tekstane som vi fekk høre er henta frå den nye CD’n «E» frå Jo Sverre. Den har Jo Sverre og bandet jobba med i heile sommar, og den kom på marknaden for 3 veker sia. med det musikalske innhaldet på CD’n og med eiga julelåt var det musikk som det godt går an å framføre i kyrkja. Og den første runden med intro av den nye CD’n har gått i 6 kyrkjer no i november – deriblant Rindal kyrkje og Ranes kyrkje.
På denne runden har dei vore tosaman – Jo Sverre og Bendik. Men etter nyttår blir det full trøkk med heile bandet, og da vil det blir satsa på presentasjon av den nye CD’n over eit større område. Den nye CD’n er gjeve ut både som CD og på vinyl og var til sals etter at konserten var slutt – sjølvsagt signert for den som ønska det.
Denne gjengen får vi nok høyre meir til, – og vi gler oss berre på fortsettinga!