Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Oscarveke» på Surnadal kino komande veke

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 28. september 2024

Komane veke får du sjansen til å sjå alle tre filmane som konkurrerte om å bli «vår» Oscarkandidat. Da viser nemleg Surnadal kino alle dei tre filmane Sex, Armand og Quislings siste dager. 

ARMAND

Armand som til slutt vart peika ut som Noregs Oscarkandidat, hadde premiere fredag. Filmen er laga av han som alltid blir presentert som barnebarnet til Liv Ullmann og Ingmar Bergman – Halfdan Ullmann Tøndel. Alltid dyktige Renate Reinsve spelar åleinemora som blir tilkalla av skulen etter at sonen har vore i konflikt med ein medelev.

QUISLINGS SISTE DAGER

Fem år med okkupasjon endar den 8. mai 1945. Gjenreisinga av nasjonen kan ta til, men først må siste kapittel skrives. I ei mørk celle på Akershus festning sit han som hadde gjort det største sviket av alle; Vidkun Quisling. No skal han stillast til ansvar for sine handlingar og uhyrligheitene nazismen sin ideologi førte til. Men først skal han møte sjelesørgar og prest Peder Olsen. Kan presten, som sjølv er merka av krigen sin brutalitet, klare å hjelpe mannen som var på fornamn med Hitler sjølv, til sjelefred? Er landsforrædaren med storheitstanker om seg sjølv og sin misjon, i stand til å angre?

SEX

Foto: Arthaus/Motlys

Sex er den tredje filmen i «alle gode ting er …»-rekka. Det er Seniorfilmklubben, der «alle» er med, som viser filmen onsdag 2. oktober klokka 13:30.

Sex lovar ikkje noko av det tittelen gir uttrykk av. For her blir det berre med praten, bokstaveleg talt. For dette er ein film som kvilar på dialogen, og kva moralske sidespor den penslar inn på. Sterke rolleprestasjonar – Jan Gunnar Røise og Siri Forberg vann dei to skuespelarprisane på Amanda-utdelinga i sommar. I tillegg vann Dag Johan Haugerud prisen for beste regi og beste manus.

Sex er den første av tre i filmtrilogien «Sex, drømmer og kjærlighet». Filmane heng ikkje saman på anna vis enn at dei tematisk kan slekte på kvarandre. Surnadal kino vil vise film nummer to, DRØMMER, om ei stor veke.

DEN VILLE ROBOTEN

Foto: DreamWorks Animation

Elles går DreamWorks animasjonsfilm Den ville roboten for dei yngste. Sitat frå VG, – det er eit «mesterverk for liten, mesterverk for stor». Strålande kritikkar!

JOKER – FOLIE À DEUS

Onsdag 2. oktober er Joaquin Phoenix tilbake på kinoen, der den andre gale i filmen blir spelt av Lady Gaga. «Joker: Folie À Deux», er den etterlengta oppfølgaren til den Oscar-vinnande «Joker» frå 2019, som tente meir enn 1 milliard dollar på den globale kinomarknaden. I den nye filmen spelar Joaquin Phoenix nok ein gang sin Oscar-vinnande dobbeltrolle som Arthur Fleck/Joker, denne gongen samman med Oscar-vinneren Lady Gaga – «A Star Is Born».

Heile kinoprogrammet og alle omtalar finn du på surnadal-kulturhus.no/filmer

Publisert: 28. september 2024, 12:39