Organisasjonens hovedsatsingsområder er kvinnehelse og omsorgsberedskap.
Norske Kvinners Sanitetsforening ønsker å delta aktivt i samfunnsdebatten, men er partipolitisk uavhengig og livssynsnøytral. N.K.S. mottar ikke statstøtte.
Norske Kvinners Sanitetsforenings motto:
I de små ting frihet
I de store ting enighet
I alle ting kjærlighet
Leiar: Solveig Glærum
Nestleiar: Nina Heimlund
Kasserar: Ragnhild Ansnes Moe
Sekretær: Steffi Bohle
Styremedlemer: Kari Kvendset og Åse Ville Redalen
Varamedlemer: Arndis Søyset og Jorunn Gislaug Ørsal
Omsorgsberedskap: Nina Heimlund, Kari Kvendset, Jorunn Husby og Maren Ansnes
Husstyret: Jorunn Husby og Synnøve Hole Talgø.
Ta kontakt med Synnøve Hole Talgø på telefon 907 00 429 om du ønsker å leige Sanitetshuset for møte, barnedåp, konfirmasjon, bryllup, gravferd eller ei anna anledning.
Nyheter knytta til Todalen Sanitetsforening
Maria kuppa basaren
Trekning av barnebordet viser seg stort sett å vere dagens høgdepunkt under den tradisjonelle basaren til Todalen Sanitetsforening. Og det var ikkje noko unntak i går, med mange spendte små som sirkla rundt det velfylte bordet. Maria Kvendset Bergli var ikkje tung å be om eit bilde etter at ho fekk sikra seg rekordmange fine gevinstar etter trekninga. Til og med ein tyggisautomat og ei kombinert drikkeflaske som ho faktisk hadde sett seg ut tidleg.
I helga hos saniteten: Strikkekaffe og basar
I dag er det strikkekaffe i Sanitetshuset mellom klokka 13 og 16. Her blir det rå å få seg kaffe og litt godt å bite i godt selskap med eller utan strikketøy. Har du lyst til å strikke til eit prosjekt har foreninga mykje garn på lager som ein kan få å strikke av.
Fårikålens dag i Sanitetshuset
Fårikålens dag har lang tradisjon i Sanitetshuset – tidlegare var det eldremiddagen som hadde regien, men no er det Beredskapsgruppa i Todalenen sanitetsforening som står attafor. Men tiltaket er nok minst like populært for det – dagens store fårikålgrute drog iallfall eit 30-tals fårikålelskarar til fårikålbordet. Det var Jorun Ørsal, Karen Johanne Talgø og Synnøve […]
Åpen brannstasjon i Todalen
Førstkommande laurdag inviterer Surnadal Brannvesen avdeling Todalen til åpen brannstasjon frå klokka 12 og til 15 i sine lokaler på Kvendset. Brannvernveka er ein landsomfattende informasjonskampanje i uke 38 som arrangeres av Norsk brannvernforening,
Fårikålens dag i Sanitetshuset
I anledning fårikålens dag siste torsdagen i september inviterer omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening til ny runde med middagstilbud i Sanitetshuset. På plakaten står det: «godt vaksne todalingar» er velkomne til middag i Sanitetshuset onsdag 28. september 2016 kl. 13.00.
Sanitetskvinnene med infodag om mobbing
I eit samarbeidsprosjekt sette dei 4 sanitetsforeningane i kommunen mobbing på dagsorden saman med rundt 200 ungdomsskuleelevar i Storstua i kulturhuset. Det er andre året at dei 4 går saman om eit slikt prosjekt i samarbeid med Surnadal ungdomsskule, fortalte Siri Vullum som ønska velkomen til infodag på vegne av den nye Surnadal sanitetsforening og […]
Ny runde med fotterapi
Fotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 10. og tirsdag den 11. oktober på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Denne gongen startar ho klokka 12 på tirsdagen og held på litt utover ettermiddagen. Dette for at fleire skal få høve til å benytte seg av tilbudet.
Mykje blir avgjort dei første minutta
Eit fåtal møtte opp på Bordholmen i går kveld når Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening inviterte til gratis førstehjelpskurs. Kurset var arrangert for tredje gong, med kurshaldarane Olav Polden, Jan Ove Bævre og Ivar Bolme.
Tysdag: Føstehjelpskurs på Bordholmen
Førstkomande tysdag, 6. september kl.18.00, blir det føstehjelpskurs på Bordholmen. Det er beredskapsgruppa i Todalen sanitetsforening som er arrangør, og dei oppfordrar alle brukarar av Bordholmen, samt bygdafolk elles til å bli med på kurset.
Oppstart med strikkekaffe igjen
Todalen Sanitetsforening startar førstkommande laurdag den 3. september oppatt med strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.
Ræta Opp – jubilerer med rekorddeltaking?
Det er i år 5. gong at mosjonsløpet Ræta Opp blir arrangert i samband med Todalsdagen. Vi håper på rekorddeltaking på ”jubileumsløpet”, seier Ingvild Kårvatn som er initiativtakar for mosjonsløpet. Det unike med mosjonsløpet Ræta Opp er at inntekta av startkontingenten går uforkorta til ei veldedig sak. I år er det ”Sjukt sprek”-prosjektet i Trondheim […]
Ny runde med fotterapi
Fotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 4. juli på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Det er fortsatt Marit Sanden Søyset som tek i mot bestilling på time. Ho er å treffe på telefon 980 36 391.