Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

MOT Surnadal vil nyte godt av Ræta Opp i år
Laurdag 29. juni er Ræta Opp ein del av Todalsdagen 2019. Ræta opp er kjent for å ha ein sosial profil, der startkontingenten går til ei god sak eller eit samfunnsnyttig prosjekt. I år er det Mot Surnadal som får nyte godt av Ræta Opp-løparane sitt bidrag, og vi håper at ekstra mange vil bli med på løpet i år. Fagerli-Brothers kjem ikkje og blir med i år, men dei helsar til Todalsdagen og til Ræta Opp, fortel Ingvild Kårvatn og Knut Bergli i Todalsdagen.

Superlotteri – trekning på Todalsdagen 29. juni
Todalen ILs fotbalgrupper minner om Superlotteriet dei har på gang i samband med Todalsdagen. Dei byr på fine gevinstar, der ei hagemøbelgruppe frå Talgø er hovudgevinsten – verdi 9990,- I dag har det vore loddsal, og neste laurdag (22. juni) blir det loddsal på Matkroken – i tillegg til loddsal under Todalsdagen den 29. juni. […]

Gruvedrift ved Korshammaren
Idag arrangerte trimgruppa, med innleid guide og kjentmann Gudmund Kvendset tur til Korshammaren for å sjå etter restane av gruvedrifta, som var på 1840 talet. 9 personar var med på turen

Lagseriestemne – Leik med friidretten
Lagseriestemne er leik med friidrett – alle som har lyst kan bli med og det er uformell og artig leik med friidretten. Her er det greit å slenge seg med eller du kan skru på full fart dersom du har lyst til det.

Todalsdagen er i rute
Todalsdagen har vore arrangert i ei årrekkje. Likevel må det kvart år sparkast i gang med litt planlegging for å få alle brikkane på plass. I går kveld var dei fleste komiteleiarane på plass for det første møte, og med rutinert mannskap og gode arbeidslister frå tidlegare år så reknar Anders Gjeldnes som er leiar i fotballgruppa med at dei kjem vel i hamn i år også.

Bli med til Korshammaren
Trimgruppa i Todalen IL arrangerer tur til Korshammaren ved Todalshaugsetra. Det skjer 2. pinsedag, 10. Juni, med start frå Grusholet/Rossåbrua kl 12.00

Ny gåve til «Tursti Toåa» – 100 000 frå MR 4H
Det var artig å kunne informere dugnadsgjengen om at vi hadde fått eit nytt gledesbrev til prosjektet «Tursti Toåa». Denne gongen var det Todalen IL som vart ein av vinnarane av Draumeplassen Møre og Romsdal 2019, fortel Elinor Bolme i prosjektgruppa for Tursti Toåa.

Klare for ny sesong
Todalens yngste fotballspelarar har hatt ein fin vårsesong, og er no snart klare for sesongåpning med cupspel under årets SILregncup neste helg. Dei gler seg, og etter innsatsen på gårsdagens trening å dømme, så kan det bli ei kjekk oppleving.

Lagseriestemne, her kjem det invitasjon til ungane på Nordvik!
Ski- friidrettsgruppa i Todalen idrettslag ønsker å sende ein spesiell invitasjon til ungar og unge på Nordvik til denne vekas lagseriestemne på Bordholmen.

Lagseriestemne i kveld
Ski og friidrettsgruppaminner om lagseriestemnet på Bordholmen i kveld. Oppmøte klokka 18 kor det blir høve til å bade kaste, springe, spurte og hoppe med eller utan fart.

Lokalderby med mange mål
I kveld var det lokaloppgjør mellom G11 laga Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Sunndal på Bordholmen. Det vart ein målrik kamp, som Sunndal til slutt gjekk seirande ut av. Første omgang var ganske jamn, kor begge laga dominerte kvar sin periode. I andre omgang var Sunndalingane litt heldigare og fekk god utteljing på sjansane sine.

Torsdag startar lagseriestemna
Torsdag kveld er første kveld med lagseriestemne denne våren. Det skjer på Bordholmen kl. 18.00 og slik blir det og i forsettinga melder Ski- og Friidretssgruppa i T.I.L.