Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Årsbeste av G10
I kveld var det ein spanande fotballkamp på Bordholmen. Vårt eige G10 lag møtte eit av G10 laga på Kvanne.
I eit forykande tempo frå start til slutt vart det scora heile 22 mål på under timen. Og for første gong denne serien, vart seieren til todalingane, med 13-9.
Les heile sakaSøya/Todalen G-14 mot Molde 1 på Bordholmen i dag
Søndag kl 17 er det storkamp på Bordholmen. Da møter Søya/Todalen G14 laget til Molde 1, og dei treng ein solid heiagjeng og supportarstøtte! Fotballgruppa reklamerer med både bakels og kaffe samt utlån av tråbilar føre og under kampen. Velkomne!

Den 3. Trollheimsmarsjen vel i hamn.
Dei ivrigaste starta allereie i halv 9-tida, men det var eit jamnt tilsig vidare utover formiddagen. Leiar i trimgruppa Jostein Bruset kunne beretta om god deltagelse, betre enn i fjor. 130 personar frå 1 år og oppover tok søndag turen frå Bordholmen, over Vardane til målgang på Leikvoll. Og det med vergudane på si side vart det så og seie blå himmel etter at skodda til slutt letta.
Les heile saka
Lagseriestemna starta på igjen
Torsdag kveld var første omgang med lagseriestemne etter sommarferien. Det var bra oppmøte, og Frode grønmyr har sendt oss bilde fra aktivitetane på Bordholmen denne kvelden. Han vil at fleire skal nytte høvet til å ta idrettsmerket no, da dei skal ha lagseriestemne kvar torsdag fram til 23. september. Han skriv: «Torsdag starta lagseriestemne opp att etter sommarferien. Denne kvelden var det til saman 13 som deltok. Det blir fire gongar til i år, og siste gong blir 23. september. Da blir det utdeling av premie til alle som har vore med.
Les heile saka
Bli med på Trollheimsmarsjen søndag
Dei siste dagane har alle i Todalen, Nordvik og Kvanne fått flygeblad med invitasjon til Trollheimsmarsjen i postkassen. Ein liknande PR-aksjon har foregått på Ålvundeidet og Sunndalsøra. På flygebladet finn ein all informasjon om marsjen og opplegget rundt arrangementet. Det er i år tredje gongen at marsjen blir arrangert, og søndag 29. august frå kl 8.30 til 11 går starten frå Bordholmen i Todalen.
Les heile saka
Trollheimsmarsjen – søndag 29. august
Bli med på Trollheimsmarsjen 2010, oppfordrar arrangementskomiteen frå I.L. Ulvungen og Todalen I.L. Trollheimsmarsjen er nemleg eit samarbeidspprosjekt mellom dei to idrettslaga. Det er i år tredje gongen at marsjen blir arrangert, og søndag 29. august er datoen som du må merke deg. Marsjen startar på Bordholmen og går over Vardan til målgang på Leikvoll på Ålvundeidet.
Les heile sakaG14 tapte mot Sunndal
Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen tapte 2-6 i bortekampen mot Sunndal mandag kveld, etter at det stod 0-2 ved pause. Laget hadde mange stor målsjangser i kampen, men fikk ikke uttelling. Men Sunndaler et godt lag, og seieren var velfortjent. Scoringer ved Bjørnar Melkild og Bersven Røkkum. Laget var meget skuffet over det store tapet, men de gjorde en brukbar kamp spillemessig.

Vann 2-1 mot Klæbu, men Vålerenga vart for sterk
Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen var sikra plass i 1/8-finalen etter at laget vann kampen mot Klæbu torsdag morgon. Det var Ørjan Nes Haugen som sørga for begge måla, der det siste målet kom etter ein straffe. Ein velfortjent seier, skriv Knut Haugen i ein SMS til Todalen.no. På ettermiddagen gikk 1/8-finalen mot Vålerenga på Ekebergsletta. Da møtte laget sine overmenn, […]
Vidare til 1/16-finale i Norway Cup
Det vart seier mot Bjørkelangen! I dagens kamp mellom Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Bjørkelangen vart resultatet 2-0. Tore Kvande og Per Sindre Ulvund sørga for kvart sitt mål i ein kamp som enda med ein velfortjent seier. Det kom eit mål i kvar omgang. Motstandar i 16-delsfinalen blir Klæbu, som dei skal møte torsdag morgon kl 08:00. Jentelaget til Kvass / Ulvungen har også gjort det veldig bra. I dag vann de 2-1 mot Florø 2, og dermed er dei klare for 8-delsfinale mot Håkvik onsdag kveld.Todalingen Lena Rovik er med på laget til Kvass/Ulvungen.
Slo Langhus 1-0….
I «iltelegram» frå Norway Cup har vi fått melding om at Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen slo Langhus 1-0, og går dermed til 1/32-finale. Det var ein spanande kamp med mange sjansar til begge lag, der heile gjengen ytte maksimalt. Ørjan Nes haugen scora på langskot fra ca 25 meter i første omgangen. Det er no klart at neste […]

Norway Cup – uavgjort i kamp nr 2
For nokre minutt sia var Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen ferdig med kamp nr 2, mot det østerrikske laget Inneres Ennstal Gaflenz. Kampen enda uavgjort 0-0 i ein jamn kamp. Laget hadde eit stongskot i 1. omgang, eller var det ein sjansefattig kamp, rapporterer Knut Haugen. Dermed er det enno ikkje avklara om det vert A- eller B-sluttspel for […]

Norway Cup – seier i åpningskampen
Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen fikk den åpningen de håpet i Norway Cup, med seier 2-0 i første kamp mot Geilo søndag 1. august. Det var en spent gjeng som gikk på banen i årets første Norway Cup-kamp, men guttene tok raskt tak i kampen og fikk spillet til å gli brukbart. Fjorårets tap i åpningskampen skulle ikke gjenstas, det var vi fast bestemt på.
Les heile saka