Styret i Todalen I.L. – 2024
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Turid Sæter
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Sissel H. Storslett
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Elinor Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Anders Mo
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Laila K. Bergli, medlem for 2 år: Ingrunn J. Torvik og medlem for 3 år: Hallvard L. Kvendset
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag
Bli med på vakthald på Laksefestivalen
Dei siste åra har Todalen I.L. og I.L. Søya hatt eit samarbeid med Norsk Laksefestival om vakthald under Laksefestivalsen, fortel ledar Karin Halle i TIL. Slik blir det i år også, og dette gir klubbane ei god inntekt, som dei deler etter timetal mellom dei to klubbane. Dersom du har spesielle ønskje om kva kveld du helst vil ha slik vakttjeneste kan du ta kontakt med Karin Halle så vil ho prøve å ta hensyn til det.
Les heile sakaUkens kamper
Denne uka er det smått med hjemmekampene. Kun to er å se i følge banekalenderen, for henholdsvis G12 og G14. Begge kampene går på Søyabanen onsdagkveld. G12 møter Straumsnes Rød kl 18 på Banksletta, mens G14 møter KFK kl 19 på Søyabanen.
Les heile sakaHalsa cup, dag 2
Da kan Halsa IL puste letta ut og nok ein gong gratulerast med vel gjennomført Halsa cup 2013. 8 G12 lag møttes på Halsa stadion til fartsfyllt fotballmoro ispedd litt alvor. Alle lag spela tre innleiande kampar før 2. plass i kvar pulje møttes i bronsefinale og vinnarane i kvar pulje kom til finalen.
Les heile sakaHalsa Cup, dag 1.
Også i år er det lokal deltakelse på Halsa Cup. Vi har fått tilsendt ein heil del bilder frå både G10 Søya/Todalen og J10 Søya/Todalen. Etter tilbakemeldingane frå J10, så gjekk ikkje resultata vegen for jentene, men stemninga var på topp for det. G10 Søya/Todalen stilte med to lag, der det tilsaman vart 2 seirer, eitt uavgjort og tre tap.
Les heile sakaSesongstart for lagseriegjengen
Torsdag kveld var det sesongstart for lagseriegjengen. Det var godt med oppmøte av ungar i bortimot alle alderssgrupper. Nokon var der for første gongen og hadde litt uro i køen, medan andre var meir drevne ogkunne fortelja korleis dei minste skulle gjera det.
Les heile sakaSeier og tabelltopp for A-laget
Torsdag kveld var Averøykameratenes 2.-lag på Søyabanen for å spille mot serielederne i 6.divisjon avdeling 1, Søya/Todalen/K/U. Hjemmelaget viste tidlig at de er et bedre lag, men klarte bare å score ett mål i første omgang. De hadde ballen klart mest og dominerte midtbanen. AK 2 kom på noen få farlige kontringer og viste at de med litt flaks i andre omgang godt kunne klart å få med seg poeng hjem til Averøy.
Les heile sakaLagseriestevne
Torsdag ettermiddag arrangerer Ski- og friidrettsgruppa lagseriestemne igjen. Her blir det muligheter for ungane å prøve seg på lengdehopp, liten ball og 60 meter, blandt anna. No på vårparten vil det bli sett opp 4 kveldar til fysisk utfoldelse og sosialt samvær. Etterpå blir det servert frisk frukt til dei frammøtte.
Ukens kamper
Denne uka er det litt meir aktivitet på kampfronten hos dei aktive fotballspelarane rundt om. I tillegg er det no til helga klart for Halsa Cup, der dei minste har kampar på laurdag, mens dei eldre tek i bruk søndagen. Kampoppsettet for helga ligg her: Halsa Cup
Les heile sakaGigantisk frukostparty
Fotballgruppa inviterte todalingane til felles frukost på Bordholmen på grunnlovsdagen. Og todalingane dei kom – over 160 store og små vart servert frukost før kalaset var over. Og det var skikkeleg frukost, med koka egg og massevis av godt pålegg. Nok mat vart det også, og jammen trur eg at folket kosa seg og sette pris på både uteservering og det fine vêret. For det er ikkje ofta at du kan sitte lenge ute på Bordholmen, før det er behov for å få på seg ein vindtett utapåjakke!
Les heile sakaInviterer til frokost på 17. mai
Onsdag kveld var det førebuing til årets 17.-frokost på Bordholmen. Det er fotballgruppa i Todalen I.L. som inviterer heile bygda til friluftsfrokost 17. mai etter at biltoget er ferdig. Starten på biltoget er kl 09.30, med oppmøte ved Matkroken L. Hals. Biltoget går oppover til Gammelfabrikken i Brusetmarka og nedover igjen til Bordholmen og frokost der. I fjor var det 148 som deltok på frokostarrangementet, men i år kjem det sikkert fleire i det fine sommarvêret som er meldt. For yr.no melder nemleg 20 varmegrader kl 11.
Les heile sakaUkens kamper
Denne veka er det lite kampar i følge banekalenderen. Kun G14 Kvas/Ulvungen/Søya /Todalen spelar heimekamp. Dei har kamp mot AK på torsdag kl 19, og den spelast på Ålvundfjord Stadion.
Les heile saka17.mai: Programmet er klart!
Programmet for feiring av nasjonaldagen i Todalen er no klart. Det startar sjølvsagt med det tradisjonelle biltoget som går oppover bygda til Gammelfabrikken og nedatt til Bordholmen for felles frokost. Etter ein liten pause fortsett feiringa med folketog fra skulen til kyrkja, der det er familiegudsteneste og kranspålegging ved bautaen. Så er det folketog der korpset deltek oppover til skulen.
Les heile saka