Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Nærmiljøanlegget på Bordholmen stadion tek form
På årsmøtet i Todalen Idrettslag i mars 2022, vedtok årsmøtet å bygge eit nærmiljøanlegg bak det austre målet på Bordholmen stadion. Anlegget er kostnadsrekna til litt over ein halv million, og vil bli finansiert med offentlege tilskot, eigenkapital og dugnadsarbeid.

Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank med pengegåve til oppgradering på Hett & Svett
I ein e-post frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank i går, vart Todalen Idrettslag informert om at stiftelsen gjev ei gåve til idrettslaget på 20.000 kroner for å kjøpe inn nytt utstyr til oppgraderinga som er under planlegging på Hett & Svett.

Turid Sæther Todalshaug vart vinnar av «Kjerringdilten» 2024
I dag inviterte driftsstyret for Todalen Idrettslag si skihytte til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta. og det kom bra med folk opp til skihytta. 45 av dei frammøtte starta årets utgåve av «Kjerringdilten». Da resultatlista var klar, viste den at Turid Sæther Todalshaug sikra seg eitt napp i vandrepokalen og ein eigen pokal til odel og eige. Det var ikkje så mykje sol å skryte av, men det var fin temperatur og opphaldsvêr, så det var fine forhold for ein skitur.

Kjempefin dag – Gunnøydilten samla meir enn 200
Arrangøren trur det var godt og vel 200 deltakarar på Gunnøydilten i år. Det var Todalen IL Trimgruppa som stod som arrangør, og det var stor suksess både publikummessig og sosialt. Påska samlar forlk frå fjern og nær, og det gjorde jammen Gunnøydilten og. Det var mykje tilreisane med både utflytta todalingar og folk frå både Kvanne, Surnadal og andre plassar.

Skjærtorsdag arrangerer TILs trimgruppe Gunnøydilten – oppdatert
Gunnøydilten har vore stor suksess kvar gong – skjærtorsdag 28. mars er det igjen klart for eit nytt og fint arrangement – Gunnøydilten går etter Toåa tursti, og har sin base rundt gapahuken i Båthølen. Der er det TILs trimgruppe har tilhald, og som vanleg har dei litt av kvart å by på. Trimgruppas kanelsnurrar er viden kjent – langt utover Nordmøre.

«Kjerringdilten» på langfredag
Fredag 29. mars (langfredag) klokka 13:00 inviterer driftsstyret for skihytta til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta til Todalen Idrettslag. Vinnaren av «Kjerringdilten» får eit napp i vandrepokalen og ein eigen pokal til odel og eige. Veidekke har bidrege økonomisk til innkjøp av heilt nye startnummer, som vil bli brukt for første gong under «Kjerringdilten» langfredag.

Dametrim på Hett & Svett på tysdagar, og multitreningsapparatet er reparert
På tysdagar frå 10:00 – 11:30 er det no starta opp dametrim på Hett & Svett. Så har du lyst til å vere med å trimme litt i lag med andre damer og ha det litt sosialt, så er det berre å møte opp og bli med!

Har ikkje gløymt gamle kunster – lagar bord & benkar
Dei 5 Talgø-pensjonistane har ikkje gløymt gamle kunster. Onsdag hadde dei «okkupert» PU-avdelinga på Talgø, og var i full gang med å montere bord & benkar som skal brukast rundt omkring i bygda. Her var det serieproduksjon, med boring og skruing og «vegvesenbenkane» kom ut på løpande band. Eit tjuetal benkar stod på produksjonsplana, og dei var kappa og lagt på pall ein dag tidlegare, og no hadde dei vore ein tur til Surnadal for å bli royalbehandla. Dermed får dei vel mesta evig liv – iallfall blir det nok 25 års råtegaranti, kommenterer snekkarane.

Campingplass ved Bordholmen også i 2024
I kveld var det møte mellom arbeidsutvalet, supplert med bygg- og anleggsleiar i Todalen Idrettslag og styret i Todalen Elveeigarlag, for å drøfte ny leigeavtale for drift av campingplassen ved Bordholmen stadion. Bakgrunnen for møtet var at leigeavtalen som elveeigarlaget har hatt med idrettslaget gjekk ut i oktober i fjor, og at elveeigarlaget hadde teke kontakt med idrettslaget for å få ei eittårig forlenging av denne, slik at det kunne bli campingdrift ved Bordholmen også komande sesong.

Årsmøte i Todalen IL – fort unnagjort
Årsmøtet til Todalen I.L. var unnagjort på halvanna time – godt førebudde saker gjorde at møteleiar Elinor Bolme fikk sakene fort unna. Årsmeldingar både frå hovedlaget og gruppene, samt rekneskapen vart godkjent nærast på direkten. Todalen I.L. har i dag 308 registrerte medlemar, og det er faktisk fleire enn vi har innbyggarar i Todalen.

Årsmeldingar og styret sitt forslag til organisasjonsplan
Torsdag 7. mars klokka 19:00 er det årsmøte i Todalen Idrettslag i Todalen ungdomshus. No har Todalen Idrettslag lagt ut årsmeldingane sine for 2023 og styret sitt forslag til ny organisasjonsplan. Både årsmeldingane og den nye organisasjonsplana skal behandlast på årsmøtet på torsdag.

Fullstendig sakliste til årsmøtet klar
Todalen Idrettslag gjennomfører sitt årsmøte torsdag 7. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. No er fullstendig sakliste til årsmøtet klar, og idrettslaget håper medlemmane møter opp på årsmøtet.