Styret:
Leiar: John Moe
Nestleiar: Ragnar Halle
Kasserar: Sven Olav Svinvik
Sekretær: Inger Johanne Iversen
Styremedlem: Britt Mossing
Varamedlem: Knut Halset
Varamedlem: Åse Ville Redalen
Skannarpatrulje (arkivere bilete av historisk verdi):
Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe
Skriftstyre for årsskriftet:
Wenche Østenby Kvendset, Sven Olav Svinvik, Inger Johanne Iversen,
John Moe, Ragnar Halle.
Nyheter knytta til Todalen historielag 2023

Historievandring på Todalsøra søndag 29. mai.
Todalen historielag gjentar suksessen med historievandring på Todalsøra. I fjor samla laget mykje folk på vandringa etter Geilvegen ovafor Todaløra og til Hyllnesbukta. Denne gongen startar dei også innmed Inneråa, men går utover til Todalsøra etter allmannvegen og rundar av på dampskipskaia ved Pakkhuset. I år som i fjor er det Anders Halset som er guide, og han avslørte i fjor ein enorm kunnskap om «gamle» Todalsøra, fortel Maren Ansnes som er ledar i historielaget.
Les heile saka
Bygdebokarbeidet er i gang
Arbeidet med å samle inn ny informasjon til den komande bygdeboka for Todalen er no i gang! Grendekontaktane har starta innsamlingsarbeidet sitt, og dei første ferdig utfylte spørjeskjema er alt innlevert på bygdebokkontoret. Dersom det ikkje allereie er gjort, er det derfor no all grunn til å leite fram konvolutten med spørjeskjema og starte utfyllinga. […]

Halsesamlinga flyttar
html />Laurdag var det storstilt flyttesjau i Halsesamlinga. Store og tunge arkivskåpar, møblar, haugevis med trykksaker og heile utstillinga var flytta over til biblioteket i Todalen oppvekstsenter. Ledar i Todalen historielag seier at flyttinga skjer for å gjere samlinga meir tilgjengeleg når ho no blir plassert i biblioteket. Samtidig legg ho vekt på at det i Gammelskulen lite egna lokaler for langtidslagring av arkivmateriale og trykksaker, på grunn av mykje fukt i kjellaren.
Les heile saka
Stor interesse for bygdebokarbeidet
Bygdebokarbeidet for surnadal er i gang, og først ut er Todalen og Nordvik. Her er nye og oppdaterte bygdebøker planlagt å vere ferdig i november 2014, og så kjem dei andre binda etter kvart framover til Åsskard rundar av arbeidet i 2019. Det er iet omfattande arbeid som er sett i gang. På infomøtet i Todalen var det prosjektkoordinator Siv Oddrun Snekvik og Norunn Holten som orienterte om arbeitet.
Les heile saka
Hugs – Bygdabokmøte i kveld!
Arbeidet med ny bygdabo er godt igang, og den kommunale bygdeboknemda har etablert eit samarbeid med Todalen historielag for å opprette grendekontaktar og hjelpe til med å samle inn stoff. No er informasjon om arbeidet og skjema for innsamling av nyare opplysningar snart i postkassa. Bygdeboknemnda anbefaler at alle les info-skrivet og rettleiinga godt. I tillegg er det og hjelp å få, da vi har sju dyktige grendekontaktar som kan bistå med utfyllinga.
Les heile saka
Nye bygdebøker på gang
Surnadal kommune arbeider med å gi ut nye bygdebøker for alle grendene. Først ute er området frå Åsbøen til og med Todalen, fortel prosjektkoordinator Siv Snekvik. Den kommunale bygdeboknemnda samarbeider med Todalen historielag i arbeidet med å samle inn opplysningar frå grendene, og har 7 grendekontaktar til å hjelpe seg. Det blir sendt ut spørjeskjema til […]

Halsesamlinga – nye vedtekter
Etter at Halsesamlinga no er lagt inn under historielaget har vedtektene vorte endra. Todalen.no har fått tilsendt dei nye vedtektene frå Todalen historielag, og har lagt dei ut til gjennomsyn. Her kan du laste ned vedtektene for Halsesamlinga som PDF-dokument. Todalen historielag har gjort vedtak om at Halsesamlinga skal flyttast til biblioteket i Todalen oppvekstsenter med […]

Har du gamle kyrkjebilde?
Historielaget arbeider med eit jubileumsskrift for Todalen kyrkje som fyller 150 år i 2011. Det er interessert i alle bilder frå kyrkja og kyrkjelivet for bruk i jubileumsskriftet. Har du gamle bilde, så ber dei om at du tek kontakt med Ingri Bruset tlf 913 38 038 eller Ragnhild Ansnes Moe tlf 922 02 656 […]

Vellukka årsmøte i historielaget
Todalen historielag samla eit trettitals medlemar til årsmøtet i ungdomshuset torsdag kveld. Styret fekk applaus for årsmeldinga som la for dagen eit aktivt år i 2010. Laget har 171 betalande medlemar, og det dokumenterer vel stor interesse for bygdehistoria når det er rundt 330 innbyggjarar i bygda. Gjennom året har det vore mange arrangement og det er gjeve ut årsskrift som kom på seinhausten.
Les heile saka
Historielaget held årsmøte torsdag kveld
Torsdag 10. mars inviterer Todalen historielag til årsmøte i Todalen ungdomshus. På saklista står det vanlege årsmøtesaker, som årsmelding, rekneskap og valg. Skannerpatrulja (Ragnhild og Ingri) er ansvarleg for underhaldninga denne kvelden. Dei har kome over ei unik samling med passfoto som dei har skanna og vil vise som lysbilete. Det er passfoto frå krigens dager, da det var kollektiv fotografering i skulen for å få bilde til Id-korta dei bruka under krigen.
Les heile saka
Årsmøte i Historielaget blir 10. mars
Todalen historielag inviterer til årsmøte torsdag 10. mars. Det skjer i Todalen ungdomshus, og startar kl 19.30. På saklista står vanlege årsmøtesaker, og innkomne saker. Har du ei sak du vil fremje på årsmøtet, så kan du levere den til ledar i historielaget, Maren Ansnes, innan 18. fabruar. På årsmøtet vil vil «Skannarpatrulja» (Ingri og […]

Julegåver frå historielaget
Årsskriftet frå historielaget er ei ypperleg julegåve. Heftet kostar kr 150,-, og dersom du ønskjer så har historielaget alle årsskrifta til salgs. I tillegg til årsskrifta har dei CD,n «Kattastrof» som og kostar kr 150. Alt dette får du kjøpt på ICA Todalen.
Les heile saka