Foreininga Venner av Skulstuå i Todalen er ei støtteforeining for stiftinga Skulstuå i Todalen.
Foreininga skal arbeide for at Skulstuå i Todalen skal:
- vere eit kulturminne og ein samlingsstad for alle
- vera ein open møteplass for lokal-, regional-, nasjonal- og internasjonal kulturutveksling
- huse møteplass for lag, foreiningar og organisasjonar
- syna bygda si lange skule- og kulturhistorie, frå første fastskule i 1860-åra (Skulstuå) og fram
til i dag - synleggjera at dette er barndomsheimen til forfattaren og folkemusikar Leif Halse
Styre:
Ragna Kvendset (leiar
Jon Olav Roaldset
Sissel Halset Storslett
Siri Skjerve
Line Kvendset
Nyheter knytta til Skulstuå i Todalen

Kaffeslabberas i Skulstuå
«Venner av Skulstuå» gjentek suksessen frå februar, og inviterer alle til nytt kaffeslabberas i Skulstuå laurdag 25. mars klokka 12:00 – 15:00.

Triveleg «kaffeslabberas» i Skulstuå
I dag, mellom klokka 12:00 – 15:00, inviterte «Venner av Skulstuå» til «kaffeslabberas» i Skulstuå. Mange nytta høvet til å ta ein tur innom for ein kopp kaffe, noko godt å bite i, og sosialt samvær, noko som passa godt på ein dag med ikkje det beste vêret for uteaktivitetar.

Kaffeslabberas i Skulstuå
Laurdag 18. februar, mellom klokka 12:00 – 15:00, er alle velkomne til kaffeslabberas i Skulstuå. Da inviterer «Venner av Skulstuå» til sosialt samvær med sal av kaffi og gode kaker, samt at dei serverer kakao til dei yngste i leikekroken.

Birøkt grip om seg – kurs i Todalen
Anders Talgø heldt laurdag kurs for nye birøktarar. Det var seks stykke med på kurset, i tillegg til tre erfarne røktarar og ein lærling. Kurset foregjekk på Skulstuå i Todalen, og det er det første i rekkja av fleire samlingar i år.

Opning av kunstutstilling i Skulstuå
Todalingar og tilreisande sørga for eit solid oppmøte på opninga av kunstutstillinga til Odd Ingar Skrøvseth i Skulstuå. Kunstnaren sto sjølv for opninga, og svinga du ikkje innom utsillinga søndag er det heldigvis fleire sjansar i sommar. I to høgder viser Skrøvseth fram måleri, tresnitt, litografi og monotopi. Dei frammøtte til opninga fekk høyre historia […]

Birøktarkurs: lærer seg å ta var på helsa
Ein gjeng birøktarar var i dag samla til kursdag i Skulstuå i Todalen. Dagens tema var «sjukdom og hygiene hos bier», og dette er eigentleg eit autorisasjonskurs der birøktarane skal lære seg å ta vare på helsetilstanden i bikubane sine. Kurset går over 4 samlingar, med avsluttande eksamen. Kurset er laga av Norges birøktarlag i samarbeid med Mattilsynet, fortel kursleiar Anders Talgø.

Meir kvardagsdata i neste veke
Neste veke blir det meir «kvardagsdata» i Skulstuå, melder Anders Talgø, som er primus motor for opplegget. Neste veke blir det og på onsdag – og delt i to økter – føremiddagsøkta for iPad og kveldsøkta for PC-brukarar. Merk deg at du kan kome og bli med sjølv om du ikkje har vore med på dei første arrangementa.

Stor interesse for kvardagsdata
Onsdag kveld var ny samling med «kvardagsdata» i Skulstuå. Denne kvelden var det PC-bruk og Windows som stod på programmet – og litt om bildehandtering. Det er etter kvart mange som har samla ein del bilder på sine mobiltelefonar, som har eit stort behov for å få bilda over på PC’n for å kunne sikre […]

Kvardagsdata – vellukka startkurs
Anders Talgø rapporterer om vellukka start for kurs i kvardagsdata. Som det ligg i namnet så er det tenkt som eit startkurs for å lære bort litt om korleis ein kan kome i gang med kvardagsdata, og det er heilt ufarleg å melde seg på. Første kursdagen var det ikkje nokon stor hop som møtte, med dei 3 som møtte opp tykte det var bra og det kjem nok fleire deltakarar etter kvart, trur Talgø som er initiativtakar og ressursperson for opplegget i Skulstua.

Kvardagsdata – kom å bli med på litt «ufarleg» opplæring i databruk
Datakurs har av og til vore eit samtaleemna i lengre tid. Kanskje det er på tide med eit lite kurs i «kvardagsdata»? Kanskje det var ein ide å kombinere dette med litt kaffeslaberas, og så ta ein liten sekvens med eit aktuelt emne attåt?
No, førstkomande onsdag vil Venner av Skulstuå forsøke å dra dette i gang; kl. 12-14 onsdag 29. januar i Gammelskulen.

Triveleg kaffeslaberas på mårgåskvisten
Spontan invitasjon på Todalen.no og uhøgtideleg morgonkaffe, eller kaffeslaberas om du heller vil. Møtestaden var Skulstuå, og på det meste var vi 10-12 personar rundt langbordet. Enkel traktering, der brødboksane og kaffekanna vart sendt rundt – og skravla gjekk i eitt og latteren satt lett. Triveleg selskap og all honnør til dei som tok initiativet og arrangerte morgonkaffe eller kanskje vi skal kalle det popup-cafe.

Tidlegkaffe i Skulstuå
Venner av Skulstuå inviterer bygdafolket til ein kaffekopp onsdag morgon klokka 8.30. Det skjer naturleg vis i Skulstuå, og er ei fin anledning til å treffe kjentfolk i triveleg lag.