Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Godt mot, Todalen! -kva no?

Godt mot, Todalen! -kva no?

Elinor Bolme Tysdag 24. januar 2012

Mange i Todalen sit no og ventar på svar på søknadane dei vart oppfordra til å sende inn til Godt mot, Todalen innan 1. oktober 2011. Desse kan i følge Godt mot, Todalen ikkje besvarast før dei har fått godkjent den siste årsrapporten for prosjektet. Denne rapporten var enno ikkje innlevert onsdag i forrige veke da todalen.no var i kontakt med fylkesagronom Synnøve Valle hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Ho var heller ikkje av den oppfatning av at dette kunne være informasjon som måtte haldast attende før rapporten var godkjent slik som Godt mot, Todalen har oppgjeve.

 Beløpet skal angiveleg vera på ca 75 000 kroner, og ikkje vel 100 000 kroner som todalen.no fekk oppgjeve sist dei skreiv om saka, og som Valle skriv i ein epost til oss: «Bygdemobiliseringspengane skal ikkje først og fremst vere eit lokal ”tilskottsordning”, men eit prosjekt der bygda er blitt samde om kva dei vil jobbe med og korleis midla skal brukast.»

Fleire har vore i kontakt med Todalen.no angående saka da vi som kjendt er eit av utspringa til bygdemobiliseringsprosjektet. Også vi sit og ventar svar på vår eigen søknad om tildeling av midlar.

Siste frist for innlevering av rapporten er i følge Synnøve Valle 1.6.2012, etter at dei fekk forlenga arbeidsperioden. Under finn du rapportane frå 2008 og 2009 som er levert og godkjent.

Årsrapport_Godt_mot,_Todalen_2008

Årsrapport_Godt_Mot,_Todalen_2009

Først publisert: 24. januar 2012, 07:15 - Sist oppdatert: 25. januar 2012, 12:03