Eldremiddagen, som blir arrangert kva onsdag utanom ferie og høgtid, fekk i dag besøk av ordførar Mons Otnes og rådmann Geir Vikan. Martinus Torvik, som innleia til måltidet takka for besøket og var glad for at dei fekk regelmessige besøk frå kommunen.

Eldremiddagen har blitt ein viktig institusjon, kor eldre får samlast både for god mat og prat. På menyen i dag stod det sildball, riskrem som dessert og kaffe, og med kokkane var det 25 gjestar tilstades. Etter bordsverset var det servering, og det var berre gode ord å høyre om maten.
Foto: Ole Petter Talgø