Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ordførar Lilly Gunn inviterer til tur i strandkanten

Elinor Bolme Onsdag 26. juli 2017

Ordførar Lilly Gunn Nyheim inviterer folk i alle aldrar til å bli med ut på tur måndag 31. juli (kl. 17). Startpunkt for turen er Heggemsneset i Bøfjorden, og turmålet Kallset. Dette er ein svært familievennleg tur. Den går etter grusvegen utover, ein relativt lett trasé som vil passe både barn og vaksne. Det er også mulegheit for både rullestol og barnevogn.

Vegen ut mot Kallset ligg i idylliske omgivelsar nede i strandkanten, med ein flott utsikt over fjorden og omkransande fjell. Langs vegen er det plassert ut postar til ein natursti som du kan delta i om du vil. Kanskje blir det også med kjentfolk som kan fortelje oss litt om det vi ser rundt oss? Ved Kallset er det benkar for den som vil ta ein velfortent kvil før returen. Her vil også vinnarar av naturstien bli kåra. Hugs drikke og niste! Nærare beskriving av turen finn du på: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Kallset.

Det er tredje gongen Lilly Gunn Nyheim inviterer til ordførartur. Første året gjekk turen til det populære Stikk UT!-turmålet Svinvika. I fjor var det 5-åringane i barnehagane i kommunen som vart inviterte med på tur til diktarheimen Kleiva. Turmålet i år er valt med spesiell tanke på dei som kan tenkje seg å trille, anten det no er med barnevogn eller i rullestol, men alle er hjarteleg velkomne til å delta.

Folk blir oppfordra om å køyre i lag ut til Heggemsneset, ettersom det er litt trangt å parkere der. Parkering vil bli anvist.

Turen blir arrangert i samarbeid med Stikk UT! Surnadal.

Publisert: 26. juli 2017, 19:17