Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ordføraren takka for innsatsen…

Ordføraren takka for innsatsen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. januar 2013

I dag fikk vi en hyggeleg telefon til redaksjonen i Todalen.no. Det var ordførar Mons Otnes som ringte for å takke alle som hadde vore med og hjelpt til med å etablere beredskap da bygda vart utan telefonsamband 2. juledag.  Todalen.no var da først ute med informasjon om feilen på telenettet, og informasjonen kom derfor fort ut slik at den komunale beredkapen vart ivareteken. Otnes rettar ein spesiell takk til brannvaktene som stillte opp, og som raskt etablerte beredskap ved hjelp av satelitt-telefon og jaktradioer. Otnes fortalte at fylkesmannen også var imponert over organiseringa og  kor godt dette hadde fungert.

Det har vore mange teoriar om kva som var feil med telefonlinja inn til Todalen, om kven som hadde «skulda» for dette. Otnes hadde prøva å kome til bunns i dette, og har etter kontakt med telenor fått rede på at det var ein relefeil i Telenors eige anlegg som var årsak. Dermed kunne både Svorka Energi og Statnett «frikjennast» frå mistanke.  Elles har Otnes gjort same erfaring som vi i Todalen.no når det gjeld å kome i kontakt med med nokon i Telenor som har ansvar eller som veit noko og kan svare på spørsmål. Svaret er som oftast at feilen skal bli retta neste dag.  I år tok det berre 2 dagar før feilen vart retta, men etter fjorårets julestorm tok det 6 dagar. 

Otnes har difor bedt om eit møte med ansvarlige i Telenor så snart som muleg. Dette for å få til ein betre kommunikasjon når slikt intreffer, og beredskapssituasjon blir nok også tema på møtet vil vi tru.

Først publisert: 3. januar 2013, 20:08 - Sist oppdatert: 5. januar 2013, 16:44