Meteorologisk institutt melder at det er venta lokalt særs kraftige vindkast på 33 – 40 meter i sekundet frå sørvest-vest, og kortvarig sterk storm på 30 meter i sekundet på kysten. Vinden vil auke først i Møre og Romsdal, og minke sist i Trøndelag.
Natt til tysdag er det venta at eit stormsenter flyttar seg inn mot kysten av Møre og Romsdal. Tysdag morgon flyttar stormsenteret seg nordaustover, og vil ligge ved kysten av Trøndelag.
I det oransje farevarselområdet er det venta sterk storm på kysten, og lokale vindkast på 35 – 40 meter i sekundet. I det gule farevarselområdet er vindkasta venta å ligge mellom 30 – 37 meter i sekundet frå vest-sørvest.
Så det kan nok vere lurt å ta ein liten sjekk ute, om det er ting som skulle ha vore teke inn eller sikra før vinden kjem, slik at dei ikkje bles bort eller gjer skade på andre ting!
Hald deg opdatert på Meteorologisk institutt sine heimesider