Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opus 72107, i Todalen!

Elinor Bolme Tysdag 24. juli 2018

Unni Boksasp Ensemble er kjende for å spele alt frå glade festlåtar til melankolske viser til ettertanke. Torsdag kveld står dei på scena i Todalen Ungdomshus med framføringa Opus 72107. Forhåpentleg vis framfor ein fullsett storsal.

I Opus 72107 har ensemblet gått laus på arven etter Edvard Grieg og spelemannen Knut Dahle frå Tinn i Telemark. Eit av Grieg sine mest kjende verk er Slåtter for klaver, opus 72 som baserer seg på 17 feleslåttar etter Knut Dahle. Dahle var redd for at slåttearven han satt på skulle gå tapt, og skreiv derfor fleire brev til Grieg for å få dei nedskrivne. Det skulle vise seg å bli ein langvarig prosess.

Opus 72017 er sterkt inspirert av både Dahle og Grieg, men med eit tydeleg stempel av Unni Boksasp Ensemble og notida. Og her får vi igjen sjå kvifor dei har fått både Spelemannspris og Folkelarm-pris for musikken sin.

Todalen Idrettslag er vertskap saman med Stangvikfestivalen og kjem til å åpne dørene kl 19 slik at folk kan få kjøpe seg inkvart godt til kaffen i sommerkvelden.

På menyen er står det lun rabarbragraut med fløtemelk og ulike rabarbrakaker med heimelaga is til, lovar kjøkkengjengen.

Skjenkebevillning er også på plass, så inkvart sommarleg i glasa blir det også ei rå med.

 

 

Publisert: 24. juli 2018, 06:47