Onsdag var det tid for årets optimistkonferanse i Rindal. Godt mot, Todalen hadde fått med todalingar på konferansen, og i todalsdelegasjonen var det 12 personer. I tillegg var det andre todalingar som hadde tatt turen utanfor Godt mot sitt initiativ. Konferansier Arild Hoksnes leia oss på muntert vis gjennom fem timar med motivasjon og optimisme.
Først ut var Marvin Wiseth, bankmann og tidlegare ordførar i Trondheim. Hans hovedbudskap var kor viktig det er å tenkja positivt. Om ein våknar om morgonen og ser svart på dagen, er det langt større sjanse for at det blir ein dårleg dag. Han fremheva kor viktig det er å fremheva det som er positivt rundt oss, og heller arbeide med å forbedre det vi ikkje er nøgde med. Les meir om Marvin Wiseth sitt foredrag på Trollheimsporten.
Lornts Mørkved var andre foredragshaldar. Mørkved har starta revyfestival og Film- og TV-produksjonsselskap på Høylandet i Nord-Trøndelag. Hans fokus var å sjå på muligheitene ved å bo langt frå innbyggarsentra. Han hadde eit teori om at dugnadsånd var motsatt proposjonalt med avstand fra sentra, noko fleire todalinger kunne nikke samtykkande til. I tillegg drog han fram kor eksotisk det er for «byfolk» å kunne få lov til å dra på møte på Høylandet, framfor endå ei helg på hotell i Osloområdet. Les meir om Lornts Mørkved sitt foredrag på Trollheimsporten.
Etter pause med fingermat, kaffe og småprat, var det tid for paneldebatt. Konferansier Arild Hoksnes leia debatten med fire utflytta rindalsdamer, Anne Kvam, Jorunn Marie Kvam, Randi Opøyen og Eli Landsem. Temaet var kvifor dei flytta, kva har endra seg i Rindal og det å vere kvinne i utradisjonelle kvinneyrke. Dei var alle samde om at det er nyttig å komma seg ut fra bygda ein tur mens ein er ung, for å samle nye impulsar, møte nye folk og kunne sjå bygda utanfrå. Les meir om debatten på Trollheimsporten.
Den siste foredragshaldaren var Alex Rosén, stuntreportar, komiker og, som Trollheimsporten skriv, gal optimist. Hans budskap var å følgje drøymane sine, og fortalte om ekspedisjonen med seglbåten Berserk til Nordpolen. Foredraget, som må seiast å invadere territoriet til stand-up, hausta ståanda applaus og sikra alle ei munter avslutning.
Siste post på programmet var utdeling av motivasjonsprisen 2010, som gjekk til A. Kvam AS. Prisvinnarane Ingrid Kvam Moen og Alf Kvam fekk og framført ein dedikert sang frå Alex Rosén.