Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Optimistar på Talgø…

Optimistar på Talgø…

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. august 2010

Denne veka har Talgø samla troppane til salgsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Etter ein sommar med veldig bra omsetning var det ein optimistisk gjeng som var samla. Talgø-bedriftene T-komponent, MøreTre og Talgø Møbelfabrikk har hittil i år ei samla auke på heile 27%. Det tegnar til å bli ei bra fortsetting utover hausten også, seier konsernsjef Terje Talgø til Todalen.no.

Talgø omsett i dag sine møbelprodukt gjennom møbelkjedene Skeidar og Bohus, samt at de er leverandør til dei største byggvarekjedene i Norge. På byggvaresektoren er ferdigmåla panel, samt bad og garderobar som er hovudprodukta i tillegg til MøreRoyal-produkt frå MøreTre.

Det dårlige ferieveret på Austlandet har nok vore til god hjelp for omsetningsauken, seier Talgø. Er det dårleg ver i ferien har vi ofte opplevd at det har gjeve seg utslag i godt sommarsalg av møblar.

Først publisert: 14. august 2010, 08:00 - Sist oppdatert: 13. august 2010, 20:30