Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppstart strikkekaffe

Elinor Bolme Torsdag 11. september 2014

Førstkommande laurdag startar strikkekaffedamene oppatt med strikkekaffe igjen. Her blir det som det brukar å vere enkel servering og mykje sosial prat, og kanskje med muligheiter til å lære noko nytt. Strikkekaffeen fekk i vår ein stor donasjon med garn av Per Reiten. Dette garnet ønsker dei no å lage noko spesielt av, som kan bidra til at andre kan få ein varmare kvardag.

Tidlegare har dei strikka til «Amandaprosjektet», strikk til premature, og det har vore levert i allefall to sendingar til St Olav Trondheim.  Garnet dei no har fått av Per egnar seg ikkje til nyfødte, så her er det muligheiter til å vera med å påverka oppstart til eit lite prosjekt som kan gjere ein forskjell for andre om du kjem til Sanitetshuset på laurdag mellom 14 og 17.

Arrangementet er så klart heilt ope for absolutt alle i aldrar, kvinner som menn! Og skulle du trenge hjelp til noko, er det nesten garantert at du vil få hjelp i løpet av ettermiddagen.

 

Først publisert: 11. september 2014, 12:00 - Sist oppdatert: 10. september 2014, 23:28