Laurdag 17. september blir det igjen oppstart av strikkekaffe. Det er Todalen Sanitetsforening som har regien på denne, men dei melder om at ein hverken treng vera medlem i foreninga eller ha med seg handarbeid for å delta. Derfor har dei like så godt døypt den om til å kallast «Fredrikkekaffen» etter grunnleggaren til NKS; Frderikke Marie Qvam. Litt av bakgrunnen for namneendringa er at det ikkje skal væra noko krav om handarbeide eller liknande kunstferdige sysslar, men det skal vera gleda over å treffast og trivast i lag som skal vera drivkrafta.
Fredrikkekaffen er ope frå klokka 14 til 17, og vil bli arrangert jamnt utover førjulsvinteren.