Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Oppstart på brubygging.

Oppstart på brubygging.

Elinor Bolme Laurdag 20. mars 2010

No har arbeidet med å sette opp den nye brua på Kårvatn kome i gang. Plana er å kutte ut den allmenne ferdsel over den eksisterande med denne nye. Den nye blir no sett opp rett attmed det nye butikk- og lagerbygget som vart oppsett i fjor. 

Per Gjeldnes har vore på plass og grove ut hola til støyping av dei nye brukara, og den siste veka har karar frå Ing. Ingvar Sæther rigga seg til for det viare arbeidet.

I går var dagen for det første lasset med betong, men då arbeidskarane kom oppover måtte dei til med utpumping av vatn frå der støypinga skulle foregå. Med 4 store pumper fekk dei unna dei store vassmengdene før betongen kom til gards.

Kårvatn

 Her er det ein av Ing Ingvar Sæther sine arbeidskarar som tek den siste sjekken før jarnet blir sett i botnen.

Brua blir 20 meter lang, og skal etter plana vere ferdig om ein månad.

Erik Kårvatn er tydeleg fornøyd med oppstarten på bruprosjektet.
Først publisert: 20. mars 2010, 06:00 - Sist oppdatert: 19. mars 2010, 23:33