Førskommande laurdag er det oppstart på den populære strikkekaffeen som Todalen Sanitetsforening brukar å arrangere i Sanitetshuset. Alle nye og gamle strikkarar er hjerteleg velkomne til ein ny haus med sosialt samvær og litt kreativt handarbeide. Men arrangørane påpeikar at dette er eit ope arrangement for alle som har lyst, og handarbeid er ikkje påkrevd. Undervegs blir det servering av kaffe med noko attåt.
Strikkekaffeen har tidlegare strikka til premature nyfødte, og den som vil kan gjerne fortsette med det. Saniteten har også fått forespørsel frå Todalen barnehage om å strikke dukkeklede, og nokon vil kanskje bidra der også.
Så her er det berre å ta med pinnane og møte til ei sosial stund i sanitetshuset.