I morgon klokka 18 er det oppstart med ein ny runde lagseriestemne fortel Ingeborg Myrvang til todalen.no. Da er alle ungar i bygda inviterte til Bordholmen for å teste ut sine ferdigheiter innan alskens friidrettsgreiner som lengde, ballkast og sprint for å nemne noko.
I haustsesongen blir det arrangert tre torsdagar:
- 25. august
- 1. september
- 8. september
Etter kvart vil det også bli høve for å ta idrettsmerke, men denne datoen blir annonsert seinare.
Bildet som er bruka er forøvrig frå 2008. Foto Jon Olav Ørsal