I morgon og måndagene framover mot desember starar Todalen IL opp med barnlek igjen. Det skjer i gymsalen på Todalen skule og er inndelt i to grupper. Klokka 18 er det for ungar frå 1.-3. klasse, medan det frå klokka 19-20 er for ungane frå 4. klasse og oppover.
Bjørn Gunnar Ansnes som er med i arrangørkomiteen fortel at det no blir litt meir organisert opplegg, kor det er tenkt å introdusere litt nye aktivitetar som ungane kanskje ikkje er så vant med. Han nevner både handball, volleyball, styrketrening mm.
Arrangørane oppfordrer foreldra til å være med.
Arkivbilde frå 2013.