Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag melder at det blir oppstart av «Barn i løypa» onsdag 13.januar kl. 17:30 i lysløypa på Tjønnmyra. Driftsstyret på Tjønnmyra melder at det er kjempefine forhold på Tjønnmyra, med nypreparerte løyper, så Barne og ungdomsgruppa håper mange ungar/ungdommar og vaksne tek turen onsdag kveld.
Barne- og ungdomsgruppa har vore i kontakt med kommuneoverlegen og fått godkjent arrangementet under visse vilkår: «1-metersregelen» må overhaldast og arrangementet er ikkje ope for andre enn personar som bor i Todalen. Det vil heller ikkje bli servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv.
Da er det berre å smøre skiene og finne fram resten av skiutstyret og ta turen på til lysløypa på Tjønnmyra onsdag den 13.jaunuar klokka 17:30.