Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppskytinga starter komande måndag

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. juni 2016

Det er tid for å førebu seg på jaktsesongen i gjen – alt komande måndag startar Søya og Todalen skyttarlag med skyteprøver på lagets skytebane i Ranheimsvingen. Her blir det skyting på måndagskveldar alle måndagskveldar fram til utgangen av august – unnateken måndag 4. juli.  Skytinga skjer i tidsromm 18.00 – 20.00

Det blir altså skyting 20. og 27. i juni – måndagane 11., 18. og 25. juli og i august blir datoane den 1., 8., 15., 22. og siste kveld måndag den 29.  Alle kveldane 18-20. Laget sørger for dei vanlegaste ammunisjonstypane til skytinga, melder leiar Håvard Halset.  Han oppfordrar jegarane til å starte oppskytinga i god tid, slik at ikkje alle kjem dei siste kveldane – hugs at det må skytast 30 treningsskott før skyteprøven kan gjennomførast.

 

Publisert: 15. juni 2016, 20:56