Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppskyting – Snart klart for haustjakta

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. august 2025

Hausten og ny jaktsesong nærmar seg med stormskritt.  I kveld var det mange som nytta høvet både til å ta skyteprøven og til å starte med prøveskyting – alle som tek skyteprøven skal ha 30 obligatoriske prøveskot og dei skal fordelast på to kveldar. Da først får du prøve deg på skyteprøven som er 5 skot på ei viltskive med ein ring med diameter 30 cm der du må ha alle 5 skota innafor ringen – du må altså 5 treff!

Bjørn Kvendset med klisterlappar – her ser du ringen som alle 5 skota må være innafor for å få bestått på skyteprøven. Foto Jon Olav Ørsal

Skytinga foregår på skytebanen til Søya og Todalen skytterlag.  Banen er lokalisert til Ranheimsvingen og er eit 100-meters anlegg der du kan kjøre inn skivene, slik at ein ikkje treng å ha folk i skyttargrava lenger.  Det er rundt 130 medlemar i skyttarlaget, og dei aller fleste er jegrar som tek den årlege skyteprøve på anlegget.  Skytterlaget har arrangert oppskyting kvar måndagskveld heilt sia juni og no står det att tre kveldar.  Difor byrjar det å haste no, ettersom du må skyte to kveldar – siste kveld med oppskyting er 25. august.  Det er skyting på måndagskveldar mellom kl 18:00 og 20:00.

To som var på skytebanen – ein med og ein utan gevær – Kristian Gjeldnes er funksjonær og Brynja A. Moe skal ta skyteprøve – foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 5. august 2025, 06:00 - Sist oppdatert: 4. august 2025, 19:44