På Nordvik hogg dei både gran og furu, som blir levert til foredling både lokalt og mellom anna Norske Skog på Skogn. Furu skurtømmer og laft går til Møretre, medan massevirket av furu går til smelteverksindustrien. Skurtømmer av gran går til Støren Trelast, medan massevirket av gran går til Norske Skog til produksjon av avispapir.
Generelt er det krevjande driftsforhold no på seinvinteren, på grunn av lite snø og lite tele. Det er mykje vindfall i distriktet, og det er kome inn rundt 600 registrerte skadar i Allskogs område. Omfanget er vesentleg, men Allskog skriv i sitt informasjonsbrev at skadene er mindre enn etter nyttårsorkanen i 1992. No pågår planleggjinga av oppryddingsarbeiet, og det vil bli gjort ein stor innsats for å prøve å berge mest muleg av vindfalltømret. Her kan du lese informasjonen fra Allskog om vindfallryddinga i Møre og Romsdal.