Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opplever vi svart hav, eller?

Jon Olav Ørsal Sundag 16. juni 2024

Vi har fått leiaren i Todalen elveeigarlag Stig Husby «på kroken».  Han er i disse dagar aktuell i samband med laksefisket i Toåa – det er to veker sia laksefisket starta i Toåa, og det er enno ikkje kome på land ein einaste laks så langt i sesongen.

Stig må berre  medgi at årets laksesesong er dårleg – har aldri opplevd noko slikt, seier han.  Ei lita trøyst er det imidlertid at det er alle elvane opplever det same.  Innsiget frå havet er meir enn halvert i år mot ein dårleg sesong i fjor, så det skjer eit eller anna i havet i tillegg til at 30 % av smolten dør på veg til havs – her er det lus og sjukdom som påverkar resultatet.

Utsikt frå Brusetbrua og oppover i retning Ramsøydalan. Foto Jon Olav Ørsal

No er det tiltak på gang over heile fjøla, med regulering av fisket – i Toåa er det i fleire etappar innført tiltak – seinast i år med totalfreding av holaks og forbod mot markfiske.  I verste fall må det settast i verk enda meir drastiske tiltalk. Da kan det faktisk bli aktuelt å stenge elva – det kan være aktuelt både i Toåa og andre elvar langs norskekysten for å berge stumpane.

I første omgang er det midtsesongevaluering som skal gjerast – her kan det bli aktuelt å terminere resten av sesongen. – Stig fortel vidare at Todalen elveeigarlag heile tida har hatt eit godt samarbeid med direktoratet og miljøavdelinga i fylket.  Men no er det noko som skjer i heile Norge – det er ei krise som gjer at det trengs tiltak skal virke.  Dersom det fører til at elvane må stenges, så vil det få store konsekvensar i mange elvar.  – Det er mange mørke skyer, seier Stig, men vi har da faktisk trua enno, og håpar at vi kan unngå stenging.  Men spennande blir det, det er han ikkje i tvil om. 

Publisert: 16. juni 2024, 11:30