Den siste veka har Skihytta vore utleid til ei gruppe tyskarar som ved fleire høve har feriert i Todalen og som likar seg godt i todalsnaturen. På turen til skihytta, og mellom anna Vassnebbvatnet, har Terje Nordvik vore guide og kjentmann for dem. Han har sendt oss eit par bilder og skriv i e-posten: «Her er gjengen fra Tyskland som nå har bodd en uke på Todalsøra brygge de siste 4 årene. Tidligere har denne kompisgjengen reist verden rundt på opplevelsesturer. Kan nemne m.a. bjørnesafari i Canada, laksefiske i elvene i Alaska.
I Norge har dem besøkt både Lofoten, syd vest Norge og Svalbard, før dem tilfeldig kom til Todalen. Dette skjedde via bekjentskap i Talgø på møbelmessa i Köln. I Todalen vart dei skikkeleg glad i både folka og naturen, og dei kjem att år etter år. I fjor var dem for første gong på overnattingstur på Skihytta, med dagstur på Boldknopptoppen. I år gikk dem også opp på Skihytta med guide Terje N. tirsdag ettermiddag. Der hadde dei ein grillaften med «Argentisk filet a la Kölnmessa», som smakte heilt fortreffeleg.
I dag gikk turen tilbake via Blåfjellet og Vassnebbvatnet. Der låg isen randheil enno. Og båten, som overlevde stormen Dagmar, hadde tydeligvis fått kjenne stormen i vinter igjen, for no var den svart borte. Vi søkte 100 meter i begge retningar langs vatnet, men båten var ikkje å sjå!»