Arnt Ivar Brøndbo fortel til Todalen.no at det er kjørt opp skuterspor frå Innerdalsmerket til Tristeinan, og frå Øyalia til Skihytta. Han rapporterer fine forhold, med 15-20 cm nysnø utafor sporet. Fredag var det ganske sterk vind og snøfokk på fjellet, men værmeldinga til laurdag og søndag er bra, med vind på 1-2 m/s og sol. Han ber turfolk om å være forsiktige på grunn av rasfaren i fjellet.