Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Oppkjørte løyper

Oppkjørte løyper

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. januar 2010

Arnt Ivar Brøndbo i Scooterkomiteen opplyser at Todalen I.L no har starta sesongen med oppkøyring av skiløyper.
Utover sesongen vil det bli køyrt på spor i Lysløypa, og frå Kvennset til Bekkerhagan. Det blir også kjørt eit spor frå Bjøråa via Tjønnmyra, opp Huslia til Talgøstorhaugen og ned igjen til Innerdalsmerket.
Seinare, når det blir meir snø, vil det etter kvart bli køyrt opp løype til Midtryggen, ut fjellet fra Tristeinan til Skihytta og ned Øyalia til vegenden i Øyalia.
No er det berre å finn fram «Blåswix’n» og ut kome seg ut på ski.
Ta gjerne med kamera på skituren og send bilde til oss i Todalen.no!

Først publisert: 5. januar 2010, 23:45 - Sist oppdatert: 6. januar 2010, 01:02