Forbodet mot open eld og bålbrenning er oppheva i dag. Det er kanskje ikkje nokon nyheitbombe, da det har regna såpass at det ikkje lenger er nokon brannfare. Brannsjefane på Nordmøre oppfordar folk til å være forsiktige, da det kan være lokale variasjonar i nedbørsmengden.
No gjeld altså dei lokale betemmelsane for bruk av open eld og småomnar i Surnadal kommune. der stpår det mellom anna:
Brenning som er lovleg utan søknad er:
- Open brenning på grillinnretningar og utepeisar.
- Kaffebål i utmark med unnatak for i eller i nærleik av skogsmark i tidsrommet 15.april – 15. september.
- Brenning av mindre mengder avfallstrevirke som ikkje er impregnert eller måla.
- Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall om våren utafor tettbygd strøk.
- Nedbrenning av miljøsanerte bygningar i samband med brannøvingar.
Brenning som kan tillatast etter søknad:
- Brenning av pinsbål / St.Hansbål eller bålbrenning i særlege høve.
- Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall innafor tettbygd strøk.
- Ranke- og flatebrenning i skogbruket.
Spørsmål kring forskrifta rettast til brannsjef Tor Arne Moen, 71655871 / 90929031, eller du kan finne fleire opplysningar på nettsida til Surnadal kommune