Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppgradering og utviding hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 12. april 2025

Det har vore ein travel etterjulsvinter for Monica M. Kvendset og dei andre hos Lia gard. I tillegg til dei vanlege bakeriutsala annan kvar fredag og andre bakeoppdrag, har dei nemleg pussa opp og utvida bakeriutsalet sitt i fjøset i Lia.

Men nyoppussa og større bakeriutsal var ikkje einaste nyheita Monica kunne fortelje oss på fredag. Ho kunne også fortelje at det no, i tillegg til dei «vanlege» bakeriutsala annakvar fredag, blir mogleg å handle frosne bakerivarer i det nye sjølvbetente bakeriutsalet frå klokka 08:00 – 20:00 kvar einaste dag. Enkelte dagar vil det i tillegg vere ferske bakevarer å få kjøpt i det sjølvbetente utsalet. I det «vanlege» bakeriutsalet annakvar fredag vil det framleis vere hovudvekt på ferske bakevarer.

I tillegg til Lia gard sine eigne bakevarer, vil ein i det nye utsalet frå no av også finne gode lokale produkt frå andre lokalprodusentar, som egg frå Pestua gard, ost frå Orkladal Ysteri, poteter frå Solhus Gård kjøtt frå Ansneset gard og eplemost frå Reina fruktgård.

«I tillegg til dei lokale produsentane vi har på plass så langt, så vil det heilt sikkert komme enda fleire etter kvart», seier Monica. «Eg trur det å utvide vareutvalet, samtidig som vi utvidar opningstida, vil gje ein positiv effekt, både for oss og for dei andre lokalprodusentane, rett og slett fordi produkta våre blir meir tilgjengelege, legg ho til.

Det nye sjølvbetente utsalet hos Lia gard. Foto: B G Ansnes

Denne veka har Lia gard også motteke skiltet som viser at dei er tekne opp som medlem i Hanen. Hanen er ein næringsorganisasjon for over seks hundre verksemder innanfor bygdeturisme og gardsmat i Norge, og er ein sterk støttespelar for verksemder som ønsker å arbeide for norsk kvalitetsmat og levande bygder.

 

Monica stoler fullt og heilt på sine kundar, og er difor ikkje redd for at det skal «forsvinne» varer frå det sjølvbetente utsalet det ikkje blir betalt for. «Erfaringane frå andre sjølvbetente utsal er gode med tanke på dette, og få eller ingen opplever dette som eit problem», seier ho.

 

Betaler for varene i det nye utsalet gjer ein som før med Vipps eller Zettle (kort). Har ein problem med betalingsløysningane, så er det berre å ta kontakt med Monica. Kontaktinformasjon finn ein i utsalet, og i tillegg er Monica stort sett å finne i bakeriet eller på garden.

 

Fredag var det opning av det nye utsalet, og Monica kunne fortelje at mange var innom i løpet av dagen, så ho var godt nøgd med responsen frå kundane sine. Ho ønsker alle velkommen innom det sjølvbetente utsalet, og nyttar høvet til å ønske alle ei riktig god påske!

Publisert: 12. april 2025, 07:47