I treningsstudioet Hett & Svett har det pågått oppgradering av utstyr den site tida. 3 flunkande nye apparat er montert og snart klare til bruk. Dei siste par dagane har Ola Talgø, Anders Mo og Anders Todalshaug studert engelskspråklege monteringsanvisningar og sett sammen apperata som no er kjøpt inn.
Til saman er det ei investering i hundretusenklassen og dei tre apparata skal erstatte det gamle multifunskjonsapparatet som no skal ut. No står det att berre litt «finpuss» og opplæring før utstyret kan takast i bruk. Dei tre apparata er eit for beinpress, ei multimaskin og eit såkalla leg extenion-apparat for trening av lårmusklar.
Det er faktisk mange som gjer seg nytte av treningsstudioet som held hus i den gamle BP-stasjonen/seinare posthus i same huset som brannstasjonen held til i den gamle smørehallen. Det blir nok ei markering frå Todalen IL når det nye utstyret er klart for å takast i bruk.