2 mann frå Wennstrøm Net har i dag vore i full gang med oppgradering av utstyret for kortbetaling av drivstoff ved HalsOil/Matkroken Todalen. Det er strengare krav til sikre betalingsrutina som krev at kortterminalen blir oppgradert. I dag er det difor skifta utstyr både ute ved pumpa og inne ved kassa på Matkroken.
Ute på kortstolpen er det nytt utstyr for kortlesing og ny kvitteringsskrivar som er knytt til anlegget. Det nye utstyret var på det næraste ferdigmontert da vi var innom, og i 16-tida var anlegget ferdigmontert og klart til å settast i drift, melder handelsmann Nordvik til Todalen.no.
Det nye utstyret som blir montert er ei investering på rundt 250.000 kroner, og er eit spleiselag mellom Matkroken og Merkurprogrammet som støttar sistebutikkar på landsbygda.