Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppgraderer til orange varsel komande døgn

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. januar 2025

Det har kome mykje snø det siste døgnet, og meir skal det bli, melder vêrvarslinga YR.NO på sine nettsider.  For komande døgn meldes det om 30-50 cm snø i Trøndelag og Møre og Romsdal, og lokalt kan det koma meir.  Dette er altså ei oppgradering frå gult varsel til orange varsel og går på snømengde.

Her er det nok berre å være litt førebudd på at vi kanskje får sjå snømengder vi ikkje er vant til, og alle brøytemannskaper er ute for å ta snøen som kjem etter kvart.  Todalen mjølk brøyter både fylkesvegane, kommunevegane og dei fleste private vegane har i Todalen, og her går det for fullt med 4 traktorar som er i aksjon. 

Vermeldinga for fredag. Det meldes om 30-50 cm snø på fredag – lokalt kan de kome meir. Skjermdump frå meteorologisk institutt

Etter vêrmeldinga på yr.no så vil altså snøvêret fortsette både fredag og laurdag, før det blir ein pause på søndag og måndag.  For Trollheimen er det no raudt farevarsel og ekstrem stor skredfare for alle rasutsette områder.  Du kan lese meir om snøvêret på nettsidea til vêrmelding yr.no. 

Publisert: 2. januar 2025, 17:42