I samband med Todalen I.L. si sommarfest i Todalen ungdomshus komande laurdag ønskjer idrettslaget, etter å ha vore i kontakt med Kommuneoverlegen, å kome med litt oppdatert informasjon i høve til smittevernstiltak under arrangementet. Alle som deltek på Sommarfesta må ved inngang presentere seg med namn og telefonnummer. Namn og telefonnummer blir ført i gjesteliste som blir arkivert i 2 veker. Dette blir gjort for eventuell smittesporing i etterkant av arrangementet.
Elles oppfordrar idrettslaget alle til å følgje smittevernrettleiingane som er plassert godt synleg rundt om på festområdet. Det er og utplassert handsprit på fleire plassar rundt om på festområdet som ein oppmodar om å bruke. Til slutt oppmodar idrettslaget om å nytte elektroniske betalingstenester som
iZettle, som gjer det mogleg å betale med dei fleste typar debet-/kredittkort, eller Vipps i størst mogleg utstrekning framfor kontantar.
Det vart tidlegare annonsert at det vart høve til å ta ein svingom for den som ville, men dette er dessverre ikkje mogleg som følge av 1-metersregelen som gjeld per i dag. Ut i frå den rådane situasjonen vil alt sal av mat og drikke stenge ved midnatt. Idrettslaget håper på fint vêr og god stemning på trass av dei restriksjonane som gjeld!