Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppdatert informasjon om påvist smittetilfelle med covid-19 i Surnadal

Guro Redalen Fredag 18. september 2020

Surnadal kommune heldt fredag ettermiddag eit pressemøte med oppdateringar knytt til det påviste smittetilfelle med covid-19 i Surnadal. Ordførar Margrethe Svinvik starta møtet med å orientere om at dei iverksatte tiltaka som vi tidlegare i dag har orientert om i denne saka vil halde fram over helga og bli vurdert på nytt måndag.

Kommunelege Bjørn Buan kunne fortelje at smitte kan bli knytt til ei reise utanfor kommunen, og årsaka til at tiltaka femnar såpass breitt handler om at personen som har testa positivt sist helg deltok på eit privat arrangement der vaksne og barn frå ulike barnehagar og skuler var tilstades. Det vart understreka at årsaka til at tiltaka var såpass omfattande skuldar at kommunen jobbar etter eit prinsipp om å vere føre var. Og med eit såpass omfattande tiltak vil kommunen kunne få eit større rom til å få kontroll på situasjonen.

Kommunalsjef Astrid Mogstad Høvik kunne fortelje at dei har ein god dialog med dei aktuelle barnehagane og skulane. Årsaka til at dei har moglegheit til å stenge av enkelt avdelingar og skuleklassar, og ikkje heile barnehagen eller skulen, er at smittenivået er satt til gult nivå.  

Fredag hadde 80 personar i Surnadal lett seg teste, og prøveresultata vil truleg vere klare i løpet av helga. Surnadal kommune kjem med meir informasjon måndag føremiddag.

 

 

Publisert: 18. september 2020, 14:57