Sommarsesongen er på hell og hausten nærmer seg med stormskritt, og på Todalshytta vil dei no regulere opningstida for resten av sesongen. For resten av august blir det no stengt på kvardagar utenom bestillingar som blir avtala, fortel Eric Malling til Todalen.no. På helg vil hytta være open frå fredag kl 17 og utover. Nå vi når fram til september vil Todalshytta være open for bestillingar i helgane, men vil halde stengt i vekedagene.
Eric Malling fortel vidare at han og Helene Ness er i Todalen, og at dei sjølvsat vil effektuere bestillingar som allerede er tekne i mot og like eins ta i mot nye bestillingar. Men hytta blir ikkje open som «kafeteria» gjennom vekedagane. Ring derfor på førehand for å avtale servering og overnatting for resten av sesongen. Hotline på telefon er 980 08 656.